Koronavirus nasjonale tiltak som gjeld frå 25.mars

På grunn av smittesituasjonen i Norge, må regjeringa innføre strengare nasjonale tiltak. Tiltaka vil gjelde frå torsdag 25. mars.

Helsedirektoratet har publisert nye tiltak etter regjeringa sin pressekonferanse 23.mars

Nye tilrådingar frå Regjeringa:

  • Éin-meteren blir no til to-meteren. Dei som du hittil har halde minst éin meter avstand til, må du frå no av halde minst to meter avstand til.
  • Regjeringa tilrår maks to gjester på besøk.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste venner.
  • Du bør avgrense sosiale kontakter mest mogleg.
  • Regjeringa tilrår bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand.
  • Regjeringa tilrår folk å berre nytte seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Regjeringa tilrår at alle reiser som ikkje er nødvendige blir utsette med desse unntaka:
    - Reiser til arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor.
    - Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
    - Reiser til hytte saman med eigen husstand.
  • Det er tidlegare bestemt at det skal vere digital undervisning i universitet, høgskular og fagskular frå og med 6. april. Dette blir no framskunda til 25. mars.

Dei nye reglane:

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det blir forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssenter kan berre halde ope for kommunen sine eigne innbyggarar. Unntak for innbyggarar utanfor kommunen dersom det gjeld rehabilitering, individuell trening og behandling.
  • Symjehallar skal stengast, men kan ha ope for mellom anna barn på symjetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
  • Underhaldningsparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod blir stengde.
  • Arbeidsgjevar skal sørge for at tilsette jobbar heimanfrå på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg.
  • Personar som returnerer til Norge etter unødvendige utenlandsreiser må halde til heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til måndag 29. mars.
  • Vi tilrår at alle planlagde arrangement blir avlyste. Dersom arrangement ikkje kan utsetjast gjeld desse reglane:
  • Innandørs blir det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitjeplassar.



Lokale tiltak
Dei nye tiltaka erstattar ikkje strengare lokale tiltak. Det betyr at dersom kommunen din anbefaler å ikkje ha besøk, er det den anbefalinga som gjeld. 

Kommunen må framleis reagere raskt og endre tiltak dersom det blir oppdaga smitte.