Kva skjer med velferdsteknologi i Stryn kommune?

Mange hugsar sikkert 12. juni 2019 arrangementet i Stryn kulturhus der velferdsteknologi vart sett på dagsorden. Målgruppa for dei to identiske seansane var både tilsette i omsorgssektoren og innbyggjarane i kommunen. Arrangør var Arbeidsgruppa i Velferdsteknologi - ei kommunalt nedsett arbeidsgruppe som vart etablert sommaren 2018.

Vårt mandat var å gjere seg kjent på velferdsteknologi-området og kome med anbefalinger til kommunen om kva for velferdsteknologiar som best kan møte behov og etterspørsel i vår kommune. Og då snakkar vi om teknologi som kan gje både meistring og tryggleik til brukarar av kommunale tenester. Og som kan betre kvaliteten og ressursbruken i tenestene.

Arbeidsgruppa vart i januar 2019 med i Fylkesprosjektet - eit regionalt prosjekt der etterkvart alle kommunane i Sogn og Fjordane området har blitt med og som er ein del den nasjonale satsinga på velferdsteknologi.

Men kva har skjedd sidan Velferdsteknologidagen i Stryn 12. juni 2019? Har kommunen vår kome i gang med å bruke velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene?

Stryn kommune er i gang med to velferdsteknologiar i helse- og omsorgstenestene.
Elektronisk medisindispensar finst i fleire variantar. Der dei er aktuelle erstattar dei medisindosett eller multidose-rull. Ein elektronisk mulitidosedispensar kan ta ein 14-dagers multidose-rull og levere dosen til rett tid i eit kammer medisin-mottakaren får tilgang til. Enheten (liknar på eit kompakt, bærbart stereoanlegg) gjev muntleg beskjed om at medisinen er klar og der er også skriftlig beskjed i eit elektronisk display.

Ulike alarmar kan knytast til enheten som f.eks. hvis ikkje medisinen blir tatt ut av kammeret. Relevante alarmar vil då gå til smart-mobilen til den som er på vakt som kan rykke ut i respons på behovet/alarmen.

Den andre velferdsteknologien vi har teke i bruk er elektronisk dørlås. Den erstattar fysiske nøklar. Det gjer det både tryggare og enklare å kome seg inn til ein tenestemotakar som treng besøk; f.eks. av heimesjukepleien. Elektronikken sit på innsida av ytterdøra til tenestemottakaren. Han/ ho brukar sjølv vanlig nøkkel frå utsida. Personale brukar app på tenestetelefon og opnar døra med den. Alle besøk blir loggført av systemet. Avdelingsleiar styrer tilgangssystemet. Både auka tryggleik og det å kunne få rask tilgang til ei dør er viktige gevinstar denne teknologien gjev. Risikoen for å miste fysiske nøklar fell bort. Og når ein alarm går kan hjelpa skje raskare.

Tryggleiksalarmar er også velferdsteknologi. Stryn kommune har hatt desse i helse- og omsorgstenestene i mange år no. Dei har blitt digitale; dvs at dei brukar wifi og har sim-kort/mobil reserveløysing. Eg nemner tryggleiksalarmane fordi dei no representerer overgangen til ei ny tid. Alarmane frå tryggleiksalarmane går til Alarmsentralen i Florø. Med denne alarmsentralen skjer det i disse dagar store ting. For å kunne utvide type/ antal alarmar dei kan ta mot og respondere på, har dei nettopp valt/ installert ny, moderne responssenter-teknologi. I praksis betyr dette at dei blir i stand til å kunne ta imot alarmar frå ei rekke ulike velferdsteknologiar.

Stryn kommune er medeigar i Alarmsentralen i Florø og dette betyr nye og spennande moglegheiter vedr. velferdsteknologisatsinga for kommunen vår. Kanskje blir det i nær framtid Alarmsentralen i Florø som tek imot alarm frå den elektroniske mulitidosedispensaren som er nemnd i denne artikkelen. Og dei vil kunne dirigere nødvendig respons til relevant avdeling/ vakt i våre tenester.

Til slutt eit ord om Covid-19 og velferdsteknologi. Pandemien har vore og er både ei pest og ei plage. Bokstavelig tala. Samtidig har begrensingane som den har skapt vedr. menneskeleg kontakt, opna veg for teknologi, også velferdsteknologi. Allereie i mars/april såg Fylkesbanken korleis teknologi i form av ipadar kunne hjelpe omsorgssentra i fylket som ikkje kunne ta imot besøk til pasientane. Behov for ipadar vart meldt inn og Fylkesbanken betalte og leverte.

Velferdsteknologi er komen for å bli. Og komen for å gje. Meistring. Tryggleik. Kontakt. Og gode tenester der kommunane tek det i bruk.

 

Jan G. Skrivervik
Leiar i Arbeidsgruppa for velferdsteknologi i Stryn kommune