Lekkasje på det gamle leidningsnettet i Stryn sentrum

Lekkasjen vart varsla i 2-tida i natt. Så vidt ein kjenner til er det berre Felleskjøpet som no er utan vatn.

Vasslekkasjen var  på ca. 30 l/s noko som er veldig stort. Etter eit par timars søk natt til laurdag, var lekkasjen isolert til å vere i sentrum, vest for Bø og nedanfor Sætrevegen. Omlag kl  7 laurdag morgon, var ledningsstrekket lekkasjen er på, lokalisert og stengd av. Lekkasjen er på noko av det eldste ledningsnettet kommunen har. Utbetring vert starta måndag 15. februar.