LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Eit LivOGLyst-prosjekt skal legge til rette for at alle som bur i området får høve til å bidra. No kan du gjennom ein frivillig organisasjon søkje om tilskot.

Kva saknar du og andre i ditt lokalsamfunn? Fleire møteplassar, fleire aktivitetar, fleire gode samtalar i kvardagen?  

Føremålet med LivOGLyst er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand; styrkje lokal identitet, lysta til å bu og lokalt næringsliv. 

Programmet handlar om å mobilisere dei som bur i eller har tilknyting til området. Det gjer ein gjennom å samle folk på tvers av alder og andre sosiale skilnader og peike ut ein veg mot eit meir levande og inkluderande nærmiljø. Næringsutvikling kan vere ein del av dette.

Samarbeid med kommunen er viktig. Samarbeidet skal vere på lokalsamfunnet sine premissar – det er dei som bur i området som skal eige og drifte sine prosjekt.

Søknadsfris: 1. november 2023.

For meir informasjon opp mot søknadsprosessen kontakt:

Avdelingsleiar kultur
Ingrid Heieren Sølvberg
ingrid.heieren@stryn.kommune.no

 

Informasjon frå Vestland fylkeskommune om LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling