Minnemarkering i Stryn 22. juli

Måndag 22. juli kl. 16.00 blir det minnemarkering i Betaniaparken, Stryn sentrum. Det er då 13 år sidan terrorangrepet mot regjeringskvartalet og Utøya der til saman 77 personar vart drepne. Hanne Kristine Fridtun frå Stryn var ei av dei mange som aldri kom heim frå AUF-leiren på Utøya.

Minnemarkeringa blir ved minnestøtta i Betaniaparken.

  • Tale ved ordførar Per Kjøllesdal
  • Kransepålegging
  • Musikkinnslag
     
annonse med tekst som i artikkelen - Klikk for stort bilete