Møteplass – helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk

Velkomen til Møteplass måndag 8. november. Møteplass er eit likeverdig møte for gjensidig læring mellom pårørande til familiemedlemmer med psykiske utfordringar og fagfolk.

TID/STAD: Måndag 8. november kl. 17.30-20.30, Eid Rådhus kantina 2. etasje

«Avmakt i møte med psykisk helsevern»


PÅMELDING til: 

  • Kristin Heimlid Øiestad tlf: 92 62 10 76. E-post: kristin.oiestad@stryn.kommune.no
  • LPP v/ Astrid Gytri tlf: 90 13 89 82. E-post: lpp.sfj@lpp.no
     

    Du er hjarteleg velkomen også utan påmelding.

MØTEPLASS er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørande sin situasjon er i fokus. Her møtast pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familiemedlemmer med psykiske utfordringar, og korleis hjelpeapparatet fungerer innan det psykiske helsefeltet.

MØTEPLASS blir drifta i eit samarbeid mellom LPP og
• helseføretak
• lærings- og meistringssenter
• kommunar
• brukarorganisasjonar, brukarstyrte senter eller andre lokale/regionale aktørar

Velkomen!

 

Tausheitsplikt

Deltakarar på Møteplass har gjensidig moralsk taushetsplikt mht alt av personleg karakter som blir delt. Møteplass er eit fortruleg rom der alt ein deler "forblir i rommet".

 

Informasjon finn du også på LPP sine nettsider