Nødvarsel på mobil

Nødvarsel på mobil blir snart lansert i heile landet. Denne nødvarslinga blir eit supplement til sivilforsvaret sitt varslingsanlegg, tyfonane.

Døme på Nødvarsel. Bilde av mobil med eksempeltekst. - Klikk for stort bileteFoto: Colourbox/illustrasjon

Det nye nødvarselet kan sendast nasjonalt til telefonar i Norge. Det blir no testa ut og i løpet av våren vil det vere klart til heile befolkninga i Norge. Varslingar som kan kome, vil handle om akutte alvorlege hendingar med fare for liv og helse der du er. Eit slikt varsel vil innehalde informasjon om hendinga og kva du må gjere.

Det er politiet eller Sivilforsvaret som kan sende ut varsel via dette systemet. Dei aller fleste mobiltelefonar vil kunne motta slike varsel, men du må ha minst 4G-dekning.

Den nye varslingstenesta krev ikkje at du registrerer deg, eller lastar ned ein app. Du bør likevel sørge for at mobilen din er oppdatert.

Her kan du sjå ein informasjonsfilm om den nye varslingsløysinga:

 

Slik fungerar Nødvarsel

Kva betyr råda du får i Nødvarsel

Spørsmål og svar om nødvarsel