Nytt smittetilfelle koronavirus

Vi fekk måndag kveld info om ein ny smitta i Stryn kommune. To personar er sette i karantene og ein husstand i ventekarantene.

Vi fekk òg opplyst måndag kveld at vi har to nærkontakter til smitta person i Kinn kommune. Husstandane til desse to er sette i ventekarantene fram til svar på tester til nærkontaktane.

Vi opplever vi har god kontroll på begge situasjonane, og dette fører ikkje til ytterlegare tiltak i kommunen på noverande tidspunkt. Vi ønsker framleis å presisere viktigheita av at alle i kommunen held seg heime ved symptom på koronavirus, og testar seg raskt ved symptom.