Områderegulering Stryn sentrum – 3RW arkitekter har fått oppdraget med å gjennomføre planarbeidet

Arbeidet med områderegulering av Stryn sentrum går no inn i ei ny fase. 3RW arkitekter frå Bergen har fått tildelt oppdraget med å gjennomføre planarbeidet, og dei er igang med å samle informasjon og grunnlagsdata for arbeidet.

 

Etter at kommunestyret gjorde vedtak om å starte arbeidet med områderegulering, er det fastsett planprogram, dvs ei plan for kva tema som skal utgreiast og kor stort område planen skal omfatte. Denne har vore ute på høyring og no startar arbeidet med å bestemme korleis Stryn sentrum skal utvikle seg i framtida.

Dette er noko vi håpar mange vil vere med å diskutere i tida som kjem, frå august/ september og ut året. Detaljar om dette vil vi kome tilbake til rett over sommaren.

Vi har eit sentrumsområde mange opplever som attraktivt med ei intim og tett sentrumskjerne med frittståande butikkar, kafear, sørvistilbod m.m. Dette er litt av merkevare til Stryn sentrum i dag. Samstundes er det behov for å sjå på korleis det kan leggast til rette for eit utvida handel- og sørvistilbod, og vurdere kva funksjonar som bør ligge kor henne.

I dag er det avsett areal til plasskrevjande varehandel både på Tonningsøyra, på Rise og på Visnes. Ei ny vurdering, både med omsyn til lokalisering og omfang er noko av det som må takast stilling til.

Det er lagt til rette for at den fjerde armen i rundkøyringa kan opnast opp. Endra bruk i deler av området på sørsida av Rv 15 (mellom elva og Rv 15), der både noverande brannstasjon/verkstad/lager og bussoppstillingsplass kan nyttast til nye føremål, skal vurderast.

Sentrumsområdet (området for detaljhandel) kan ha rom for ekspansjon innan for noverande struktur og avgrensing.  Fortetting av sentrumsområdet og ei ny vurdering av kva avgrensing området for detaljhandel skal ha i framtida, er eit viktig spørsmål i det planarbeidet som no er starta opp. 

Småbåthamna som i dag ligg på Visnes, skal vurderast flyttast til eit område i Grønevik. Lokaliseringa på Visnes er problematisk på grunn av vertilhøva.

Det er mange viktige spørsmål og avklaringar som må gjerast og som har betydning for mange. Vi håpar difor at flest muleg engasjerer seg i tida som kjem.