Opne barnehagar frå 20. april - rettleiing frå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet

Slik gjer vi barnehagane trygge

Vi har gode rutiner for handvask
Vi hugsar å hoste i albogen
Vi hjelper borna med å vaske hendene grundig
Vi brukar våtservietter og alkoholbasert desinfeksjon ute og på tur
Vi er mykje ute
VI unngår store samlingar av born også i garderoben
Vi syter for at borna har fast plass med god avstand til kvarandre når dei har måltid
Vi serverer maten porsjonsvis
Vi reduserer talet på leikar slik at det blir lettare å vaske leikar etter bruk
Vi fortel borna at dei ikkje kan ta med leiker heimanfrå

Folkehelseinstituttet og utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar om smittevern i barnehagar under koronavirusutbrotet våren 2020.

Rettleiaren er gyldig frå publiseringsdato 15.04.2020, og vil bli oppdatert ved behov. Utviklinga i smittespreiing og utbrot av koronavirus kan føre til behov for endringar på eit seinare tidspunkt, det same kan praktiske hensyn som blir oppdaga først når barnehagane er opna igjen. Ved nye versjoner av rettleiaren vil det det kome ei ny utgåve.

Rettleiar for smittevern i barnehagar under koronavirusutbrotet våren 2020

Formålet med råda er å begrense og forsinke utbrot av koronavirus. Dei tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing er:
1. Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen
2. God hygiene
3. Redusert kontakt mellom personar