Orientering om endring i tenestetilbodet for helse og omsorgstenester med bakgrunn i Korona-utbrotet

Stryn kommune må førebu seg i høve Korona-situasjonen som vi står overfor. Vi håpar på det beste, men må førebu tenesteytinga vår på at situasjonen kan bli vanskeleg. Vi må difor gjere nødvendige tiltak for å imøtekome dette.

Tiltaka vi må gjere er begrunna i.

å unngå smittespreiing

å ha tilstrekkeleg kapasitet i tenestene våre til å yte forsvarlege tenester ved korona-utbrot

I tillegg til sannsynleg auke i brukarar som treng bistand er det også ein fare for at tal på helsepersonell vert redusert grunna fråvær som skuldast koronaviruset. Dette betyr at vi kan stå overfor ein særs krevjande situasjon. I denne samanheng vil de som pårørande vere viktige for at vi skal få ytt hjelp til alle som treng det. Frå nasjonalt hald er vi oppmoda om dugnad for å imøtekome situasjonen. Vi håpar og trur vi kan få forståing og hjelp i denne situasjonen.

Vi vil med dette informere dykk om kva tiltak vi ser føre oss, og kva konsekvensar dette gjev for tenestemottakarar.

Heimesjukepleietenesta
Personale i heimesjukepleia har mange på lista dei besøkjer kvar dag. Vi har gode rutinar for å førebygge smitte, men risiko for smittespreiing vil likevel vere til stade. Vi ynskjer difor å vere innom færre brukarar i løpet av dagen. Dette betyr at du som mottakar av tenester frå heimesjukepleia kan få redusert tal besøk framover. 

Like eins gjeld dette med tanke på kapasitet i tenestene våre. Dersom du mottek tenester som strengt tatt ikkje treng å vere utført av helsepersonell, må vi vurdere om andre skal utføre desse oppgåvene. Dette kan vere pårørande eller andre som kan utføre nødvendig hjelp til deg. Vi må gjere dette for at vi skal ha tilgjengeleg helsepersonell til å yte tenester til dei som har størst behov for dette.

Personale frå heimesjukepleien vil ta kontakt med deg dersom vi vurderer at du skal få redusert tenester i tida som kjem.

Praktisk bistand (heimehjelp)
Som for heimesjukepleietenester vil det også ved utføring av praktisk bistand vere smittefare ved å gå frå hus til hus. I tillegg treng vi dei som arbeider som heimehjelper til å utføre tenester der det er størst behov. Det vil ut frå dette verte redusert heimehjelp framover. Du som mottek slik hjelp vil bli kontakta. Vi oppmodar pårørande eller andre å hjelpe med praktisk bistand som reinhald m.m.

Stryn omsorgssenter og Vikane omsorgssenter

Som de kjenner til har vi stengt omsorgssentera for besøkande grunna fare for smittespreiing. Vi er særs merksame på symptom på koronasmitte hos bebuarane våre. Ved mistanke set vi i verk smitteverntiltak omgåande. Dette for å unngå utbrot av viruset på omsorgssentera.

Når det gjeld kapasitet og omdisponering av personell gjeld følgjande:

Avlasting og korttidsopphald

Dette er opphald som vi må vere budd på kan verte avlyst. Institusjonen må ha kapasitet til å ta imot fleire sjuke framover. I ein slik situasjon der både mange pasientar er sjuke, og kanskje også mange tilsette er sjuke, vil ein måtte prioritere veldig nøye kva oppgåver som MÅ utførast.

Langtidsplassar

For dei som er tildelt langtidsplasser vil vi kanskje måtte utsette innflytting og setje i inn andre tiltak ein periode til epidemien er over. Det er muleg vi må ha fleire pasientar på kvart pasientrom. Dette på grunn av at pasientar som ligg på sjukehus vil bli sendt ut til kommunen, og vi vil ha behov for å ha dei på institusjon ein periode. I tillegg kan dette verte brukt som tiltak ved eventuell fare for smittespreiing innan institusjonen.

Dagtilbod er inntil vidare stengt. Dette både ut frå smittefare og omdisponering av personale.


Midlertidige institusjonsplassar

For dei som vert smitta av koronaviruset og vert så sjuke at dei må ha tilsyn heile døgnet, vil det bli oppretta eigne institusjonsplassar. Desse plassane vil i løpet av denne veka (veke 13) verte operative og er lokalisert ved Storesunde skule. Plassane vil bli innreidde på ein hensiktsmessig måte for å yte hjelsehjelp og tiltaket vil bli bemanna med helsepersonell. 

 

Miljø- og velferdstenester

 

Avlastningstilbod 
Ein må vere budd på at vi må stenge avlastningsbustaden for ein periode for å klare å ta hand om dei som er sjuke. Dette vil de i så fall få melding om i god tid før avlastningsopphaldet skal skje.

Tenester til funksjonshemma
Stryn arbeidssenter er stengt grunna fare for smittespreiing. Personalet er omdisponert til oppfølging av brukarane i heimen. Det vert også her forsøkt å ha færrast muleg personell til kvar einskild brukar. Vi ynskjer minst muleg besøk til brukarar i bustadane sine. Vi bed om at ingen med symptom på koronasmitte besøkjer brukarane. Om det er pårørande som ein periode kan ta hand om sine vil det vere svært bra. Dette med tanke på både fare for smittespreiing og kapasitet i tenestene.

Psykisk helse og rus
Samtaler med psykisk helsearbeidarar vil i hovudsak skje via telefon. Det er opna eiga telefonlinje for dei som har behov for å prate med nokon. Du finn opplysningar om nummer og opningstider på Stryn kommune si heimeside.

For dykk som har tenester i heimen frå avdeling psykisk helse og rus vil det verte reduksjon i tilbodet. Dette ut frå fare for smittespreiing, samt kapasitet i tenesta grunna omdisponering av personale. Personale vil halde telefonisk kontakt med dykk og gjere avtaler om heilt nødvendig oppfølging.

Aktivitetstilbodet til brukarar innan psykisk helse og rus er inntil vidare stengt. Du som har delteke på dette vil få oppfølging via telefonsamtaler.

Informasjonen som er gitt over vil gjelde inntil vidare. Det vil bli gitt ny informasjon ved endring.


Vi vil med dette be dykk om forståing i situasjonen, og at vi ved samarbeid og dialog skal kome oss gjennom koronakrisa. Vi ønskjer eit tett samarbeid med dykk som er pårørande, og oppmodar dykk om å ta kontakt dersom det er noko de lurer på.