P-stav på Stryn helsestasjon 30. oktober

Tysdag 30. oktober får Stryn helsestasjon besøk frå «Sex og Samfunn» for å lære korleis setje inn og ta ut P-stav.

Dersom du ønskjer å få sett inn eller ta ut/ bytte P-stav kan du få utført dette gratis hos oss på helsestasjonen denne dagen (30. oktober).

Unge kvinner mellom 16-20 år kjem inn under Helsedirektoratet si bidragsordning for prevensjon:

  • 16-18 år: Gratis
  • 19 år: 200 kroner
  • 20 år: 664 kroner

Sjølve P-staven må kvinner over 21 år kjøpe sjølv for kr. 1128.

Informasjon om P-stav

Er du interessert eller har spørsmål?
Ta kontakt med Stryn helsestasjon på tlf: 57 87 69 99.