PLIVO-ØVING I OLDEN 24. APRIL

I morgon ettermiddag, onsdag 24. april, skal politi, brann- og ambulansepersonell gjennomføre ei PLIVO-øving* i Olden sentrum. 

Det vil vere synleg væpna politi, i tillegg til mannskap frå brann og ambulanse. Dette er ein type scenario som naudetatane øver på kvart år.

Øvinga vil bli gjennomført på ettermiddag og kveld. Det kan bli avfyrt skot med markørvåpen. Det vil vere personar med i øvinga som vil framstå som skadde.

Slike øvingar bidreg til betre samarbeid, og sørgjer for at naudetatane er i stand til å yte rask, kvalifisert hjelp til innbyggarane. 

 

*PLIVO står for pågåande livstruande vold.