Saksbehandlingsfristar byggesøknader

Avdeling for byggesak og regulering har for tida stor saksmengde, og vil i ein periode ha noko lengre sakshandsamingstid.

Vi ser det særs positivt med høg aktivitet, og ber om forståing for viktigheita av å få behandla søknadane som ligg på vent.

Saksbehandlingstid for byggesøknader er lovbestemt til 3-12 veker.

12 veker:

Kommunen sine fristar for å behandle byggesøknader går fram av Plan og bygningslova (Pbl) §12-7. Dei fleste søknader har 12 veker behandlingsfrist frå fullstendig søknad ligg føre. Jamfør Pbl §21-7

 

3 veker

Kommunen sin frist for å behandle søknad om løyve til tiltak i eitt-trinn er tre veker. Det gjeld dersom:

- Søknaden er fullstending, jf Sak 10§7-1
- Tiltaket er i samsvar med plan og bygningslova
- Det ikkje ligg føre merknader frå naboar/gjenbrukarar
- Samtykke/uttale frå anna mynde ikkje er nødvendig
- Kommunen ikkje har forlenga sakshandsmingsfrist etter SAK §7-3

Søknad om løyve til å sette i gong arbeidet, mellombels bruksløyve og ferdigattest har også 3 veker behandlingstid.

Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen, reknast det som løyve gjeve. På eige ansvar kan det omsøkte arbeidet setjast i gang. Søkjar ber risiko for at alle føresetnadar som er nemnde over er oppfylte, dersom arbeidet vert sett i gong før kommunen har avgjort søknaden.