Solbakken held fram som kommuneoverlege

Bilde av Marius Solbakken som held fram som kommuneoverlege i Stryn. Etter gode og grundige samtaler om behov og arbeidsoppgåver både no og i framtida, er vi komne fram til ei god ordning til det beste for både Solbakken og innbyggjarane i kommunen.  Foto. - Klikk for stort bilete

Marius Solbakken held fram som kommuneoverlege i Stryn. Etter gode og grundige samtaler om behov og arbeidsoppgåver både no og i framtida, er vi komne fram til ei god ordning til det beste for både Solbakken og innbyggjarane i kommunen. 

Marius vil halde fram i 50 % fast og 50 % engasjement stilling som kommuneoverlege. Vi skal gjennom 2022 arbeide med å finne ei langsiktig løysing.

Pandemien er truleg ikkje over med det første. Det er viktig framover å ha med seg den erfaringa Solbakken har med pandemien slik at denne kan handterast på beste måte. Saman med resten av koronateamet har han gjort ein framifrå jobb med vaksinering, testing, smittesporing, rådgjeving og informasjon. Det er enno lite smitte i Stryn. Vi må gjere alt vi kan for å halde belastninga så låg som mogleg for tilsette og innbyggarar.

Eit anna sentralt moment med å halde på noverande kommuneoverlege, er det langsiktige og systematiske arbeidet som fremjar god folkehelse for innbyggjarane i Stryn kommune. Kommuneoverlegen har hatt mange andre oppgåver der kjennskapen til kommunen og innbyggjarane er avgjerande. Framover skal han ha hovudansvaret for smittevernplan og helseberedskapsplan, sikre tverrfagleg samarbeid mellom fastlegane og organisasjonen forøvrig, delta aktivt i planarbeid og følge opp og implementere endringar i lov og avtaleverk. Resultatet av arbeidet er meint å skulle påvirke trivsel, sjukefråvær i samfunnet og mindre sjukdom generelt som medfører mindre belastning på helse- og omsorgstenesta i framtida.