Status 18.03.21 - Ingen nye koronatilfelle

Vi har ikkje hatt nye tilfelle av koronasmitte i kommunen sidan 12. mars.

Per i dag har vi to nærkontakter til smitte i Volda. Desse er i karantene og blir følgt opp med testing. Vi har tett kontakt med Volda kommune og Stad kommune om smittesituasjonen der. Nasjonalt ser vi ein klar auke i koronasmitte, og vi har erfart at dette gir auka risiko for smitte lokalt.

Omgangssjuke
Vi har dei siste dagane fått informasjon om at det er fleire i kommunen som har feber og/eller oppkast/diare og er heime frå skule eller arbeid. Særleg har 8. trinn på Stryn ungdomsskule hatt fråvær av elevar med symptom. Koronavirus kan gi symptom frå mage/tarm, men det er lite vanleg med oppkast. Det har derimot vore viktig å utelukke koronavirus. Fire elevar med symptom vart testa måndag, og alle var negative for korona. Fleire blei testa onsdag, og desse får vi truleg svar på i kveld.

Ytterlegare informasjon og testar styrker mistanken om at dette dreier seg om tradisjonell omgangssjuke, sannsynleg forårsaka av norovirus. Det er tatt avføringsprøver av fire personar med dette symptombildet. Det vil ta nokre dagar før vi får svar på desse prøvene.

Råd ved omgangssjuke
God handhygiene er viktig. Vask hendene når du har vore i kontakt med andre som kan smitte deg. Bruk såpe og rennande vatn. Spritbasert hand-desinfeksjon har dårleg effekt mot norovirus. Hald deg heime i 48 timer etter at oppkast og diaré gir seg.

Marius Solbakken

Kommuneoverlege
Smittevernlege

Meir informasjon om norovirus:

https://www.helsenorge.no/sykdom/mage-og-tarm/omgangssjuke-norovirus