Status 19.08.21

Nytt smittetilfelle, nærkontakt til smitta i Olden barnehage.

Seint torsdag kveld fekk vi beskjed om at ein ny person har testa positivt på covid-19. Personen er kjend nærkontakt til eit av smittetilfella i Olden i barnehage. Nærkontaktar er kartlagt og vil bli kontakta for vidare oppfølging. 

Eit anna testresultat av person knytt til Olden barnehage har vist seg å være ufullstendig og ny test er teken. Etter råd frå smittevernslege er det i påvente av testresultatet difor vurdert som hensiktsmessig å teste born og tilsette på denne avdelinga med hurtigtest og PCR-test for å kartlegge smitterisikoen. Testinga vil etter planen bli gjennomført i morgon tidleg, etter samtykke frå foreldre og føresette.