Status fredag 6.aug kl 23:30 Ny smitte etter besøk på utestad

Vi har desverre fått stadfesta fleire smitta no i kveld.

Isehaug kafeteria Johans pub  31.juli
To personar som var på Isehaug kafeteria / Johans pub 31.07 er nå smitta av koronavirus. Ein av disse er ein tilsett på Isehaug kafeteria. Denne tilsette var på arbeid i åpningstida måndag  2.aug , tysdag og fram til kl 17 onsdag  4.aug. Vi må forvente at den tilsette kan ha vore smittsam i dette tidsrommet. Totalt er det no tre personer som har testa positivt for koronavirus etter å ha vore  på utestaden laurdag 31.07. Den tredje som er smitta testa først negativt for viruset på test tatt tysdag. Deretter fikk personen symptom og testa seg på nytt torsdag. Denne personen er heimehøyrande  i Volda Kommune.

Dersom du var gjest ved Isehaug kafeteria desse dagane ber vi deg om å ha veldig lav terskel for å teste deg. Det er også viktig å teste seg på nytt om symptombildet blir forverra, eller om du tok testen før du hadde fått symptom.

Positiv prøve hos turist - Stryn Vertshus
Seint fredag kveld har vi også fått påvist koronavirus hos ein turist i kommunen. Denne personen har fleire nærkontakter i reisefølget, men ikkje dei er ikke tilknytta kommunen. Reisefølget var gjester på Stryn Vertshus tysdag 3.august om ettermiddagen og sat innandørs. Personen var truleg smittsam i denne perioden.
Gjester som var på Stryn Vertshus tysdag ettermiddag bør også ha lav terskel for å teste seg.

Isehaug kafeteria stengt inntil videre og herrelaget sin kamp laurdag er avlyst.
Fredag kveld stengde Isehaug kafeteria på eige initiativ dørene umiddelbart etter informasjon om smitte hos ein tilsett,  Dette vart støtta av kommunen og utbruddsgruppa til FHI. Tilsette er no i karantene til nærare avklarering.

Flere spelarar på Stryn sitt herrelag i fotball var til stade på Isehaug laurdag. Desse har testa seg tidleg denne veka og var negative. Dei positive prøvene frå gjester som vart påvist torsdag og fredag, viser at det har vore ein betydeleg smitterisiko i lokalet laurdag, og at ein kan rekne med flere smitta personar dei neste dagane. Også for dei som har hatt negativ test i tidleg fase. Etter grundig vurdering av utbruddsgruppa i FHI seint fredag kveld vart det bestemt at herrelaget sin kamp laurdag desverre må avlysast. Dette vart informert til Stryn Fotball seint fredag kveld.

 

Testing
Vi er veldig  takknemlege for at så mange allereie har testa seg. For ein del kan første test vere teken for tidleg for å fange smitte. Det vil seie at du har teke test før du rakk å bli smittsom.

Det er derfor svært viktig at du testar deg på nytt:

1) om du får symptom på koronavirus
2) om du hadde heilt milde symptom ved første test, og du opplever klar forverring i etterkant.
3) Personer som var på Isehaug  lørdag 31.07 og testa seg før torsdag 05.08, vert oppfordra til å ta ein ny test søndag 08.08 eller måndag 09.08.

Beredskapstelefonen er open i helga
Beredskapstelefonen har ekstra ope laurdag og søndag 7.-8. august kl. 12-14. Beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 har til vanleg ope måndag til fredag 10.00 - 11.30.

 

Marius Solbakken

Kommuneoverlege