Status laurdag 11.desember

I løpet av dei siste dagane har to tilsette og ein brukar fra Miljø-  og Velferdstenesta, testa positivt på Covid-19. 

Difor har vi sett i gang desse tiltaka: Alle tilsette i tenesta skal testast med sjølvtest dagleg dei neste 7 dagane. Brukarar skal  testast  etter individuell vurdering. I tillegg vil vi teste tilsette i Miljø og Velferd som har vore på jobb dei siste ti dagane. Desse ska testast med PCR-test komande måndag. Fram til vi har fått svar på PCR-testane ber vi alle tilsette og brukarar om å begrense nærkontaktene sine, til dømes å unngå innendørs fritidsaktivitetar og arrangement.

Ved negativ sjølvtest og når ein ikkje har symptom  skal tilsette gå på jobb som vanleg. Ved positiv sjølvtest skal du halde deg heime og kontakte næraste leiar for vidare informasjon.  

Les meir om råd til nærkontakter her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-smittekarantene/

Strategi

Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.