Status laurdag 7. august kl 23.45

Fire nye smitta
Fire nye personar er bekreftet smitta av koronavirus laurdag kveld.

Tre av dei fire smitta var gjester ved Isehaug kafeteria/Johans Pub lørdag 31.07, og en av dei er tilsett på utestaden Personen var på jobb til og med onsdag 04.08. Nærkontakter er varsla og blir testa fortløpande.
Vi ventar ennå på svar på halvparten av testane som er teke fredag. Vi har testa 70 personar. Desse prøvene ventar  vi svar på søndag eller måndag.

Godt samarbeid
Vi jobbar intenst med å kartlegge situasjonen, men arbeidet er krevjande med mange nærkontakter i smitteutbrotet. Dialogen med dei involverte, både smitta, nærkontakter og utestad er veldig godt, og det gjer jobben enklare for oss.

Fleire av dei smitta og nærkontaktene er ungdom og unge vaksne, VI ier imponert over oppslutning til testing i denne aldersgruppa og set stor pris på samarbeidsviljen dei viser.  Dette lovar godt for vidare handtering av utbrotet. Naturleg har denne aldersgruppa sommarjobbar ulike plasser og fleire møtepunkt.

Auka risikonivå
Kor stor smitterisikoen har vore i kommunen denne veka, dersom ein ser dette samla, er usikkert. Men no med utbrotet relatert til utestad, og auka smitte generelt i regionen, så er risikonivået auka.

Nokon  av personane som no har testa positivt har hatt heilt milde eller ingen symptom når dei har  testa seg. Dei har testa seg på grunn av oppfordring etter besøk på utestaden i helga. Dette er flott, og gir oss sjansen til å stoppe smitten før den gir større skade i lokalsamfunnet.

Testing

For de som allerede har testet seg: 
1) Test på nytt om du i etterkant får symptom på koronavirus
2) Test deg på nytt om du hadde heilt milde symptom ved første test, og du opplever klar forverring i etterkant.

Kommunen kallar no tilbake personell fra ferie slik at vi på best mulig måte kan handtere utbrotet dei neste dagane. Vi er framleis heilt avhengig av at alle har lav terskel for å teste seg, og er ekstra nøye med smittevern-anbefalingene.

  • Hugs minst 1 m avstand til andre.
  • God handhygiene
  • Ha få nærkontakter dei neste dagane
  • Hold deg hjemme ved symptom, og ta test raskt.

Berdskapstelefonen og testing er open i helga
Beredskapstelefonen har ekstra ope søndag 8. august kl. 12-14. Beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 har til vanleg ope måndag til fredag 10.00 - 11.30.

Marius Solbakken

Kommuneoverlege