Stryn UKM 2024

Det nærmar seg UKM 2024, og nytt for neste år er at det blir UKM-arrangement i januar og februar, før sjølve UKM-dagen laurdag 10. februar.  

UKM-verkstad 11. januar

UKM-verkstad er eit nytt tilbod for alle ungdomar i Stryn mellom 10 – 20 år og vert arrangert torsdag 11. januar. Der vil det mellom anna bli fokus på sceneførebuingar saman med Josefine Agathe Hove. 
Vi startar det heile med gratis mat kl. 15.30.  Alt skjer i kulturhuset!  

For å vite kor mykje mat vi skal bestille til UKM-verkstaden, ønskjer vi at dei som vil delta melder seg på via nettsida ukm.no/stryn. 

Påmeldingsfrist er 8. januar.  

 

UKM 10. februar

For å vere med på UKM må ein melde seg på innan 25. januar via heimesida www.ukm.no/stryn. Der kan ein velje mellom kategoriane; dans, film, litteratur, musikk, teater, noko anna på scena eller utstilling. 

Aldersgrensa for å vere med på UKM er 10 – 20 år.  

Laurdag 10. februar vert det UKM med utstilling og framsyning i kulturhuset! 

Vi arrangerer Pangstart torsdag 1. februar for dei som skal delta på UKM. Meir informasjon om opplegget på Pangstart ved påmelding.  

 

Les meir om UKM og meld deg på via ukm.no/stryn

Bli med!