tilskuddsportalen.no

Torsdag 15. september er det søknadsfrist for mange ulike tilskotsordningar som frivillige lag og organisasjonar kan søkje på.

Stryn kommune abonnerer på Tilskuddsportalen, ein nettressurs der du kan få full oversikt over dei ulike tilskotsordningane sortert etter kategori og søknadsfristar.

Det kan vere eit nyttig verktøy for å realisere eit prosjekt laget ditt eller organisasjonen din har ønskje om.

Registrer laget ditt, eller organisasjonen din, på tilskuddsportalen.no for å få tilgang.