Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Tiltaksstrategien for 2021-2024 inneheld m.a. kriterier og satsar for tilskot m.a. til planting av skog, ungskogpleie og skogsvegbygging.

Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket 2021-2024 (PDF, 2 MB)

Den eksisterande tiltaksstrategien gjeld ut 2021, men vi fann det rett å revidere strategien no. Dette er både fordi det trengst ei avklaring og presisering i høve til tilskot knytt til utdrift av skogsvirke til bioenergi, og fordi vi ser at dei midlertidige retningslinene knytt til tilskot til landbruksvegbygging ikkje fungerer på best mogleg måte. Grunnen til dette er hovudsakleg at vi mottek mindre tilskotsmidlar til bygging av landbruksveg enn behovet vi har, og difor vert nøydde å innføre strengare krav og snevrare retningsliner.

Denne tiltaksstrategien byggjer på strategien for 2018-2021 og dei midlertidige retningslinene, og inneheld kun mindre endringar, hovudsakleg knytt til tiltaka nemnde ovanfor.
Det vert ikkje gjeve noko ekstra tilskot etter denne tiltaksstrategien ved naturkatastrofar. Eventuell tilleggsstrategi vert utarbeida dersom det trengst t.d. ved orkanar i perioden.