Ungdommens kulturstipend 2019

Ungdommens kulturstipend for 2019 gjekk til diskoskastaren Steffen Melheim for strålande innsats innan friidrett. Han fekk utdelt diplom og stipend på kr 15.000 under julemiddagen til Stryn kommunestyre torsdag 19. desember.

 

- Steffen Melheim (16) er ein ualminneleg talentfull ungdom, han har ei lang og imponerande merittliste som syner at det er snakk om ein utøvar på internasjonalt toppnivå i si grein, sa leiar i skule- og kulturutvalet Kari Synnøve Muri, då ho delte ut prisen etter årets siste kommunestyremøte i kulturhuset 19. desember, før ho stolt heldt fram:

- Vinnaren er 16 år og er elev ved Stryn vidaregåande skule. Han har vakse opp i ein aktiv familie og begynte å trene i det lokale idrettslaget før han eigentleg var gammal nok. Han har vore aktiv i fleire idrettar bl.a. fotball, men det er friidrettsarenaen som er hans heimebane, han framstår som eit ekstraordinært stor talent i kastøvingane, først og fremst diskos.

Han har dei siste to åra vore på rekrutteringslandslaget i friidrett, og særleg det siste året har han hatt ei fabelaktig utvikling, med sølvmedalje i Europeisk ungdoms-OL i Baku som det internasjonale høgdepunktet. I junior-NM (16-19 år) fekk han sølv i diskos og gull i kule. I Ungdoms-NM fekk han gull i diskos og slegge, og bronse i kule og spyd, fekk bestemannspremien for gutar (diskos: 59,96m)

Han har nyleg fått status som «prioritert utøvar» i Friidrettsforbundet, dvs. vurdert å ha medaljesjansar på internasjonalt nivå, og han blir satsa ekstra på.

Kan illustrere kva denne karen presterer:

Beste enkeltresultat:
Loggane Open i juni: 1,5kg-diskosen 61,03m, 1208 poeng Tyrvingtabellen

Seniordiskos (2 kg) rekord for 16-åringar: Før årets sesong: 44,84m (1974)

På Bislett i juli kasta Steffen 51,10m.

Prisvinnaren takka og forsikra at pengane ville bli brukt på beste måte.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Retningsliner for tildeling av ungdommens kulturstipend i Stryn kommune (PDF, 341 kB)