Velkomen til Stryn!

Er du ny i kommunen vår eller planlegg å flytte hit? - Du er hjarteleg velkomen! 

 Vår i Loen Loen skylift. Bilde - Klikk for stort bileteVår i Nordfjord. Foto Loen skylift

 

Stryn kommune har 7.254 innbyggjarar, der omlag 2500 bur i Stryn sentrum. I sentrum finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, helsesenter, vidaregåande skule, offentlege kontor, kulturhus med symjehall, idrettshallar, idrettsbaner og det meste anna du treng for å leve eit godt liv.

Stryn ligg lengst inne i Nordfjord, lengst nord i Vestland fylke, og er eit eldorado for spennande aktivitetar både sommar og vinter. Området er eit vandremekka med fleire hundre merka turløyper i variert natur over heile kommunen.

I Stryn finn du gode stadar å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen.

Vi er opptekne av å vere eit inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne seg heime. Vi tilbyr tenester innan eldreomsorg, oppvekst og fritid, sosiale tenester og helse. Målet vårt er å skape god livskvalitet for alle innbyggjarane. Vi legg vekt på innbyggjarmedverknad, og tenestene våre skal vere tilpassa dei behova du som innbyggjar har. 

Vi har samla nokre gode opplevingar, tilbod og tenester til deg. Vi håpar du finn noko som kan passe og at du vil finne deg til rette og trivast i Stryn.
 

Bu i Stryn

Kulturliv og fritid

Barnehagar, skule og utdanning

Næring og arbeid

Ønskjer du å engasjere deg i lokalmiljøet?

Stryn på kartet

Facebooksider