Status 2.desember kl 13:20

Vi har ein ny innbyggar som er stadfesta smitta med koronavirus. Hurtigtest tirsdag var positiv, og innsendt prøve stadfestar dette i dag. Smitteveien er ukjent, og det gjør at vi ikke vet om smitten stammer fra Stryn eller nabokommunene. 

Det er om lag to døgn ventetid på svar på PCR-testar som vert analysert på sjukehuset i Førde.  Smittesporingsteamet handlar difor ut frå hurtigtestane slik at vi straks kan få isolert dei smitta og gje smittevernråd. 

Det er forståeleg at ein kan bli skremd av at smitten brått er rundt oss, men i Stryn er vi framleis i ein gunstig situasjon med god vaksinedekning og låge smittetal. 

Kvar veke vert det gjort risikovurdering av situasjonen, og dette vert gjort umiddelbart dersom det kjem ei brå stigning i smittetala. Vi har kontakt med kommunane rundt oss, og via Statsforvaltaren fylgjer vi situasjonen i heile fylket.

I Bergen, med sitt store smittetrykk, kjem det fram at ein per nå ikkje har innlagde pasientar som har fått dose tre med koronavaksine. Dei eldste i Stryn er no ferdigvaksinerte med 3. dose. Det har vore enkelte smitta i barneskule, men born vert sjeldan svært sjuke av korona, og Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet anbefalar framleis at vi skal forsøke å halde så normal kvardag som mogeleg på skulane.
 

Vidare reglar og anbefalingar

Det er kome nye karantenereglar som gjer det litt lettare å bremse smitten, men vi kan ikkje fjerne den heilt, og vi må difor forvente meir smitte i vekene som kjem.

Munnbind
Frå 1. desember er det gjeve ei nasjonal anbefaling om å bruke munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogeleg å halde avstand.

Det er ei nasjonal anbefaling om å bruke munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta. I første omgang vil vi difor be dykk om å bruke munnbind på venterommet på legekontoret og ved besøk i sjukeheimen.

Besøk på legekontoret
Ved timebestilling på legekontoret er det framleis viktig at du seier i frå om luftvegssymptom slik at du kan testast før timen eller møte på luftvegsklinikken.

Når det gjeld den nye mutasjonen omikron så er det mykje ein ikkje veit om den.

Omikron
Om du har vore i utlandet eller har vore i kontakt med nokon med kjend omikronsmitte og du testar positivt på en hurtigtest, må du informere legekontoret slik at PCR-testen blir undersøkt spesifikt for den nye mutasjonen.

Er du vaksinert ?
Hugs også at det ikkje er for seint å bli vaksinert. Alle over 65 år vil få tilbod om 3. dose før jul og i det nye året vil vi gå vidare med aldersgruppa ned til 45 år.


Marius Solbakken 
Kommuneoverlege