Status 26.oktober to nye smittetilfelle

I ettermiddag har vi fått stadfesta 2 nye positive prøver på koronavirus. Ingen av desse er smitta i kommunen. Nærkontaktar til dei smitta er varsla.

Det har vore ein del forkjøling i kommunen dei siste vekene, og vi oppfordrar alle til vere påpasselege med dei generelle smittevernråda og om å teste seg raskt ved nyoppståtte symptom.

Dei generelle smittevernråda som å hade seg heime når ein er sjuk og å ha god hoste- og handhygiene gjeld framleis.

Kva skal du gjere om du er ungdom/vaksen med nyoppståtte luftvegssymptom?

Om du har nyoppståtte luftvegsymptom som feber, hoste, sår hals eller nedsett allmenntilstand bør du halde deg heime. Ungdom og vaksen bør ha ein negativ covid-19 test før dei vender tilbake til skule eller arbeid.
Sjå flytskjema her.

Når skal barn med luftvegssymptom vere heime og når kan dei kome tilbake i barnehage/skule?
Her finn du god info om når barn med luftvegssymptom bør vere heime og når kan dei kome tilbake i barnehage/skule

Nærkontakter og isolering
Her finn du informasjon om du er i isolering og råd til nærkontakter.

Korleis bestiller eg test?
Om du tenkjer at du bør teste deg for koronavirus, skal du ringe kommunen si teneste for bestilling av koronatesting.
Bestilling av koronatesting i Stryn kommune ring 57 87 49 29.
Telefonen er open måndag, tysdag, torsdag og fredag 09.00 - 11.30.