Landingsplassar for helikopter i Stryn kommune

Vi har tre landingsplassar med konsesjon i Stryn kommune, det er på Tyvaneset, Langeset og Solheim. Her kan du lese om reglane, konsesjonsvilkåra og støyberekningane. 

Luftsfartslova har reglar om start og landing med helikopter på innmark. For tilfeldig landing med helikopter set lova ei grense på maksimalt 12 røyrsler per veke (6 avgangar, 6 landingar). Ved meir bruk enn 12 røyrsler pr veke, vert det stilt krav om konsesjon for landingsplassen. Konsesjonssøknaden skal innehalde data om støyberekningar (støykart) og vise inn- og utflygingsretning frå helikopterpassen. 

Vi har tre landingsplassar med konsesjon i Stryn kommune, Tyvaneset, Langeset og Solheim.

Gjeldande konsesjonsvilkår for konsesjonsbelagde landingsplassar i kommunen:

 

 
 

 

For tilfeldige landingar som ikkje krev konsesjon, set luftsfartslova også krav. Dersom landingane skal foregå innanfor tettbebygt strøk eller i nærleiken av ei folkemengde skal også politiet underrettast om landingane. Det er kommunen sitt ansvar å vurdere miljøhensyn og andre ulemper for befolkninga for ein slik landingsplass. Luftfartstilsynet vurderer berre sikkerheita, og vil ikke bli involvert med mindre det vert søkt om konsesjon for landingsplassen.

 

Reglane for konsesjonssøknad finn du her