Må du sende byggesøknad?

Her finn du informasjon om ulike byggetiltak og kva krav som gjeld for tiltaket du ønskjer å setje i gang.

Bad, vaskerom og våtrom

Bygging av våtrom krev kompetanse og bør utførast av kvalifiserte føretak. Bygging av nye våtrom kan vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Badstove

I Norge har vi lange tradisjonar for bruk av badstove, og dei siste åra har interessa for frittståande badstover auka betydeleg. Men visste du at etablering av ei badstove kan vere søknadspliktig?
 

Basseng og hagedam

Boblebad, badestamp eller symjebasseng – kva kan du gjere i eigen hage, og når må du søkje kommunen om løyve?
 

Biloppstillingsplass og parkeringsplass

Etablering av parkering og biloppstillingsplass på ubebygd areal må vere i samsvar med gjeldande arealplanar for området.
 

Bruksendring

Å endre bruken av eit rom frå eitt godkjent formål til eit anna blir kalla bruksendring. Dette kan krevje søknad og løyve.
 

Brygger i vatn og sjø

Hovudregelen er at det ikkje er tillate å utvide eller etablere nye brygger. Dersom tiltaket kjem allmenta til gode, kan det likevel vere mogleg å søkje om dispensasjon.
 

Campingvogn og fritidsbåt

Lagring av campingvogn på bygd eigedom er unntatt frå søknadsplikt.
 

Deling av eigedom

Ønskjer du å dele eigedomen din og skilje ut ei ny tomt, må du søkje om oppretting av ny grunneigedom.
 

Dispensasjon

Ein dispensasjon er eit unntak frå reglane. Dersom du ønskjer å gjennomføre eit tiltak som er i strid med plan- og bygningslova, forskrifter eller gjeldande planar, må du søkje om dispensasjon.

 

 

 

Artikkelliste