Stryn kommune gjennomfører regelmessig reingjering av hovudvassleidningane i kommunen.
Kva gjer vi for å sikre god vasskvalitet?
Kommunalteknisk avdeling i Stryn kommune gjennomfører regelmessig reingjering av dei kommunale hovudvassleidningane. Innbyggjarane i dei aktuelle områda vil som hovudregel bli varsla på førehand via telefon/sms.
Korleis?
Ved reingjering vert det spylt store mengder vatn gjennom leidninga for å oppnå stor fart slik at vatnet dreg med seg avleiringa. I enkelte tilfelle brukar vi ein skumplugg i vassrøra som effektivt skrubbar med seg slam og avleiringar på innsida av rørveggen. Spyling av vassleidningsnettet kan medføre dårlegare vasstrykk og vasskvalitet i spyleperioden.
Kvifor?
Kommunen reingjer hovudvassledningsnettet for å hindre groing og for å sikre god vasskvalitet. Systematisk leidningsreingjering er eit viktig tiltak for å forbetre vasskvaliteten i leidningsnettet og førebyggje misfarga vatn. Spylinga kan føre til trykkendringar, og det kan bli ein del brunt vatn hos abonnentane. Dette er partiklar som består av rust og humus (organisk stoff) som har løsna i leidningsnettet. Kor mykje og kor ofte leidningsnettet skal reingjerast, er avhengig av den gjennomsnittlege farten på vatnet. Målet med leidningsreingjering er å fjerne laust materiale i nettet som kan gje kvalitetsproblem, og å bytte ut gammalt vatn i endeleidningar med lite forbruk. Etter at spylinga er avslutta er det viktig at alle abonnentar spylar ut sine private leidningar ved å tappe kaldt vatn så nær inntaket som muleg, for eksempel utekran/kjellarkran til det kjem klart vatn. Dersom ein tappar varmt vatn vil ein dra misfarga vatn inn i varmtvasstanken.
Kva skal du gjere?
Medan spylinga pågår kan vasstrykket bli dårlegare, og nokre abonnentar kan bli heilt utan vatn. Ikkje bruk maskiner som treng vatn og begrens tapping av vatn. Dersom huseigar brukar vatn samtidig som spylinga pågår, kan dei få grumsete vatn inn i huset. Misfarga vatn kan og forekome etter at arbeidet er avslutta. Vi anbefaler difor at stoppekrana er stengt i det varsla tidsrommet. Prøv då å tappe kaldt vatn, helst frå første tappestad etter hovudstoppekran/inntaket i bygget, og la vatnet renne inntil det blir klårt.
Varsling på sms/ telefon
Abonnentar som har telefonnummer registrert på aktuell adresse vil bli varsla med telefonvarslingssystem. Det er derfor veldig viktig at du har registrert telefonen på riktig adresse. Abonnentar som har registrert mobilen på jobb, eller er unnateke nummeropplysning, vil ikkje motta melding.
Klikk her for å registrere deg i Varsling 24
Tips ved vassavstenging, leidningsbrot og spyling av leidningsnett:
- Tapp opp vatn på førehand og fyll bøtter med reservevatn for toalett
- Hald alle vasskraner stengde den aktuelle perioden spylinga skjer
- Når vatnet er tilbake kan det vere brunt som følge av belegg som løsnar i røra. Du bør då tappe ut kaldt vatn frå krana nærast vassinntaket til bustaden. Ta ev ut silen i krana
- Unngå å tappe varmt vatn for å hindre grums inn på varmtvannstanken
- Reingjer silen på tappekraner og vassmålar
- Det kan vere lurt å vente med vask av kle til vatnet er reint
Ved spørsmål kontakt:
Driftsleiar vatn og avløp: 907 44 068
VA-vakt: 992 88 620
Avd. leiar kommunalteknikk: 481 22 311