Valdagen er 11. september

Måndag 11. september 2023 er det val til alle kommunestyre og fylkesting i Noreg. Du som er over 18 år, eller som blir 18 dette året, kan røyste i lokalvalet. Hugs å ta med legitimasjon og valkort til røystelokalet.

På valdagen må du røyste i kommunen du har folkeregistert adresse. Du kan også førehandsrøyste i kva som helst kommune frå 10. august til 8. september.

Røysta di går til eit av partia i den kommunen du har folkeregistrert adresse 30. juni. Dersom du bur i ei anna kommune, må du enten førehandsrøyste eller reise til heimkommunen din på valdagen.

I utlandet kan du førehandsrøyste mellom 3. juli og 1. september ved norske ambassadar og utenriksstasjonar.  

Du kan røyste dersom du er frå anna nordisk land og har meldt flytting til Noreg seinast 30. juni 2023. Du som er frå eit anna land, kan røyste dersom du registrerte deg som busett i Noreg minst tre år før valdagen, det vil seie i 2020.

 

Informasjon om Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023

Artikkelliste