Stryn2035 – Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kva er kommuneplanen sin samfunnsdel?

Kommunen er pålagt å ha ein samla kommuneplan, og denne omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vare frem til 2035, og det er kommunens viktigaste styringsverktøy. Planen skal synleggjere ønska retning for kommunen med mål, delmål og strategiar. Planen gjeld heile samfunnet i Stryn kommune, og det er derfor viktig med god involvering både frå administrasjonen, innbyggarar, lag, organisasjonar og næringsliv. Det er politikarane som skal vedta planen, og dei må ha eit godt grunnlag for å kunne setje mål for kommunen. 

Stryn2035 med blått bilde i bakgrunnen - Klikk for stort bilete

Innspel til samfunnsdelen

Innspel frå innbyggarane i kommunen er det viktigaste verktøyet vi har når vi skal arbeide med samfunnsdelen. 1.-30. april var det medverknadsprosess, og vi fekk inn mange gode innspel! Vi hadde framtidsmøte for innbyggarane i bygdene våre, digital spørjeundersøking og innspelsportal, møte med næringslivet, og jobba mot barn og unge. Vi driv framleis å arbeider med innspela, og dei som er klare kan du sjå under:

Administrativt kunnskapsgrunnlag

Før medverknadsprosessen vart det utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag frå kommuneadministrasjonen. Dette tok for seg utfordringar og moglegheiter for framtida frå administrativt synspunkt, og skal også vere eit verktøy for politikarane når samfunnsdelen skal utarbeidast.

 

Sjå kunnskapsgrunnlaget her (PDF, 14 MB)

 

Planprogram

Hausten 2022 starta arbeidet med samfunnsdelen. Da vart det laga eit planprogram som tok føre seg dei viktigaste fokusområda som burde vere med i samfunnsdelen, samt ei liste over førebelse satsingsområde som politikarane hadde laga.

 

Sjå planprogram her

 

 KVA SKJER VIDARE?

Medverknadsprosessen er over, og vi har skaffa politikarane deira viktigaste verktøy inn mot arbeidet med samfunnsdelen. I mai skal det vere to arbeidsverkstadar med politikarane der det skal utarbeidast mål, delmål og strategiar for Stryn fram mot 2035. I juni vil planen bli lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, og vedtak av samfunnsdelen vil skje i haust.

Artikkelliste

Viser 1-10 av 12 artikler, side 1 av 2