Døgnopen digital turistinfo frå 2024

Turistinformasjonen i Stryn sentrum kjem i digital drakt denne sommaren og blir dermed open 24/7. Ein epoke er over og Stryn Turistinformasjon er no stengt for publikum. I siste halvdel av mai kan du ta i bruk den første informasjonstavla på Per Bolstad plass til å utforske kva regionen har å by på.

Tavla er enkel å bruke, der du med tastetrykk på skjermen finn fram til den informasjonen du søkjer. Visit Nordfjord og Stryn kommune har tilpassa løysinga slik at det er lett å finne svar på dei fleste spørsmål.

Etter turistsesongen 2024 har vi grunnlag for evaluering og vidareutvikling av produktet, der målet er ytterlegare digitale turistinformasjonar i Loen og Olden. Innhaldet i løysinga er eit kontinuerleg arbeid, der det stegvis vil kome inn meir informasjon.

Merkevara «Alt i ein fjord» er godt synleg på informasjonsskjermen. Turistinformasjonen vil innehalde ein kombinasjon av teknologi, kreativitet, lokal innsikt og berekraftig tankegong for å skape ei minneverdig oppleving for besøkande.

Visit Nordfjord er ansvarleg for innhaldet, der mykje av innhaldet er medlemsbasert. Ta gjerne kontakt om du ynskjer ytterlegare synlegheit. Løysinga er utvikla slik at den skal kunne implementerast i dei andre Nordfjord-kommunane.

Stryn og Nordfjord har vore vertskap for turistar i over 150 år, og det har vore leveveg og tilleggsnæring i mange familiar. Sjølv om ei digital løysing no tek over for den tradisjonelle turistinformasjonen, veit vi at Stryn kommune har mange flinke ambassadørar som kvar dag gjer sitt ytterste for å formidle gode opplevingar til besøkande.

Du som er i kontakt med gjester gjennom vertskapsrolla er den viktigaste formidlaren av alle dei gode opplevingane vi tilbyr besøkande. Den personlege fysiske kontakta, i lag med den digitale løysinga, vil bidra til at besøkande får informasjon og kunnskap om lokalmiljøet, aktivitetane og attraksjonane våre. Slik bidreg vi alle til at besøkande oppheld seg lenger i kommunen, og at dei ønskjer seg tilbake til vår flotte natur i Stryn og Nordfjord.

Digitale tenester blir stadig viktigare for å imøtekome krava til tilreisande, kravet om god relevant informasjon og tilgjengelegheit heile døgnet, gjer at vi i Visit Nordfjord og Stryn kommune tilbyr denne digitale informasjonstavla frå sommaren 2024.

 

Velkomen til å prøve den!

 

For meir informasjon:

Stryn kommune, kommunedirektør Jon B. Nesje tlf 950 34 140

Visit Nordfjord AS, reiselivsdirektør Marita Lindvik tlf 481 48 699

Artikkelliste

Viser 1-10 av 620 artikler, side 1 av 62