Brukar- og pårøranderåd i Stryn kommune

Brukar- og pårøranderådet er ein interesseorganisasjon som består av representantar for brukarar av omsorgstenestene. Rådet skal drøfte og gje råd i saker som angår kvalitet og innhald på tenestene, og er eit rådgjevande organ for einingsleiar.

Brukar- og pårøranderådet skal ha minst 4 møter i året og kvart år skal det vere 1 felles møte for alle pårørande med val av nye representantar og leiar. Medlemmane av rådet får ikkje godtgjersle for å sitje i rådet.

Einingsleiar deltek på møta saman med 1-3 tilsette etter behov. Saman skal brukar- og pårøranderådet arbeide for at tenesta skal vere best mogleg. Sakene som blir behandla i rådet er interne saker som i hovudsak ikkje skal opp i rådet for eldre.

Desse sit i rådet ved Stryn omsorgssenter for 2022 (nov 21- nov 22):
Medlemmar: Eivind Hopland og Idar Holen
Leiar: Eivind Skjerven (valt for 1 år)

I Stryn kommune har vi to råd, eit for Stryn og eit for Vikane.
Vikane har ikkje føreteke val endå.

Retningsliner for brukar og pårøranderådet (PDF, 677 kB)