Flyktningar frå Ukraina

Stryn kommune busette 93 ukrainske flyktningar i 2022. I år skal kommunen busetje 80 og vi har så langt i år busett 11 av desse. Dei aller fleste kommunale bustadane er no i bruk, så om nokon har husvære for utleige er vi takknemlege for det.

Kven har ansvar for kva? 

  • Politiet registrerer søknadar om asyl                      
  • Utlendingsdirektoratet (UDI) gjev beskyttelse og sørgjer for innkvartering i ulike mottakssenter
  • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) koordinerer busetjing- og integreringsarbeid
  • Kommunane gjev tenester til dei som bur i mottak/akuttinnkvartering, og buset og integrerer flyktningar etter avtale med (IMDi)

Ukrainarar og innreise til Norge

Politiets utlendingsenhet (PU) registrerer alle asylsøkjarar som kjem til Norge for å søkje om beskyttelse (asyl). Dette skjer ved Nasjonalt ankomstsenter i Råde i Viken eller hos politiet i Bergen. 

Om ein ikkje har blitt registrert ved Nasjonalt ankomstsenter, må flyktningar frå Ukraina som kjem til Sogn og Fjordane kontakte lokalt politi for å bli registrert som asylsøkar. 

Oppdatert informasjon frå UDI

 

Har du husvære å leige ut til flyktningar frå Ukraina?

Flyktningtenesta arbeider kontinuerleg med å finne passande bustadar til flyktningar som kjem til kommunen. Flyktningtenesta formidlar kontakt mellom flyktningane, som sjølve står som leigetakarar, og utleigarane. Bustaden må sjølvsagt ha brukbar standard, og ein pris som flyktningar har råd til å betale. Det er frå første stund mogleg for flyktningane å betale husleige ved hjelp av støtte frå NAV og vidare fordi dei mottek introduksjonsstønad, eller rett og slett får seg jobb. Bustaden treng ikkje vere møblert.

Vi set stor pris på informasjon om aktuelle bustadar!

Fyll ut og send inn dette skjemaet Tilbod bustad flyktning om du ønskjer å leige ut.

 

Registrer deg som frivillig

Frivilligheit Norge følgjer situasjonen i Ukraina og grenseområda. I Stryn kan du kontakte frivilligheitssentralen som kan setje deg i kontakt med lokale lag og organisasjonar som driv hjelpearbeid/sosialt arbeid. 

 

Kjæledyr frå Ukraina

Mattilsynet må registrere og kontrollere alle dyr som kjem til Norge med ukrainske flyktningar. Dette for å minimere risikoen for å spre dødelege sjukdomar, som rabies, til menneske og dyr her til lands. Vi oppmodar i denne samanheng om å ta kontakt med Mattilsynet dersom du veit om, eller har kjennskap til flyktningar som kjem hit med kjæledyr. Kostnader knytt til handtering, kontroll og ev.
anna tilhøyrande oppfølgjing vert dekka av Mattilsynet. Ta kontakt med Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.
Informasjon om kjæledyr frå Ukraina finn du her (norsk, engelsk og ukrainsk)

 

Nyttige nettsider