Hovudmetoden for koronatesting er at personar testar seg sjølve heime med hurtigtest utlevert frå kommunen. Du kan hente testar her:
Det er ikkje krav om at born i aldergruppa til og med elevar på vidaergåande skule testar seg.
Hovudmetoden for testing er no sjølvtesting- Hurtigtestar får du kjøpt på apotek og andre stader og kommunen leverer ut testar her.
Det følgjer med lettfatteleg bruksrettleiing for testen. Prøve skal takast frå fremre del av nasen.
Når du har positiv koronateat og registrerer deg på REMIN ,viL du få tilbos om PCR test dersom du ikkje er fullvaksinert
PCR-test (polymerasekjedereaksjon) PCR er ein metode som vert brukt til å oppkopiere DNA (arvestoff) og identifisere bakteriar og virus.
Ved bruk av hurtigtest får du sjølv svar på testen i løpet av 20 min. Sjå eige punkt om korleis du varslar ved evt. positivt prøvesvar.
Svar på PCR-test får du ved å logge inn på Helsenorge.no. Svaret ligg normalt føre ein til to dagar etter at testen vart teken.
Ved negativt prøvesvar kan du gå på jobb eller skule når du føler deg frisk og ikkje har feber. Dette gjeld sjølv om du har enkelte symptom etter at du har hatt luftvegsinfeksjon.
Sjå flytskjema her
Kontakt legevakt 116 117, om du er så dårleg at du treng legevurdering.
Sist endra 16.05.2024 15.06