Meld deg på pårørandeskulen

Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 29.oktober på Stryn Omsorgssenter.  Pårørandeskulen er eit kurstilbod til pårørande og nære venner til ein person med demenssjukdom. Påmeldingsfrist er sett til 18.oktober til. Anita.skarstein@stryn.kommune.no. tlf 57 87 69 33

Kva er pårørandeskulen?

Gjennom faglige førelesningar, plenums- og gruppesamtaler får pårørande kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdomen kan ha for personen med demens, pårørande og øvrig familie. Pårørande treffer andre i same situasjon og fagpersoner med kompetanse på området.

Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskuler viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere pårørande sine omsorgsbelastningar og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk. Evaluering av tidligare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap. Pårørandeskulen i Stryn er i regi av Stryn demensteam.  

Tema på kurset

Kurset er lagt opp over 5 samlingar med følgande tema:

-Kva er demens?
-Når åtferd endrar seg
-Pårørande fortel
-Kommunikasjon og samhandling
-Aktivitet og mestring. Tilbod i kommunen

Praktiske opplysningar: Stad: Stryn Omsorgssenter, Buketten    Samlingar på fylgjande datoar: 29.10, 05.11. 12.11, 19.11. 26.11

Brosjyre og informasjon om påmelding (PDF, 371 kB)

Relevante linkar:

https://nasjonalforeningen.no/

https://www.aldringoghelse.no/