Skal du byggje, rive eller endre?

Vi gleder oss over stor byggjeaktivitet i kommunen, men det medfører dessverre mindre kapasitet til å svare i telefonen. Lurer du på korleis det går med di sak? Då er det fint om du skriv e-post til saksbehandlaren din.

Ny telefontid for byggjesak ein periode no framover er tysdag og torsdag kl 12.00-15.00.

 

Saksbehandlar har no begrensa telefontid, og kan berre nåast på telefon desse to dagane. Fram til vi har full saksbehandlingskapasitet vil saksbehandlarane prioritere saksbehandling framfor forespørslar på telefon. 

Vi beklagar at det kan bli litt ventetid.

Send forespørselen din på e-post til ein av desse saksbehandlarane: Anne.Lyslo@stryn.kommune.no, Borghild.Guddal@stryn.kommune.no eller Marte.Lindberg@stryn.kommune.no hugs å ta med gards- og bruksnummer i teksten. 

Saksbehandlingstida vert rekna frå komplett søknad er motteken av kommunen. Rask behandling er avhengig av at søknaden er godt belyst. Dersom vi må be om meir dokumentasjon stoppar saksbehandlingstida opp.

Meir informasjon om byggjesak får du her

Om du følgjer linken under kjem du til sjekkliste med krav til dokumentasjon, utifrå kva du skal søkje om. Klikk på søknadstype for å sjå aktuelle sjekkpunkt:
Her finn du sjekkliste med krav til dokumentasjon

Direktoratet for byggkvalitet si nettside finn du mange typer digitale rettleiarar. Desse kan fortelje deg kva du kan byggje utan å søkje, ofte stilte spørsmål og svar, og aktuelle forskrifter og regelverk med forklaring til dei enkelte bestemmelsane. Gå til DIBK.no