Byggjesak

Stryn kommune har for tida redusert kapasitet på plan, samtidig som vi har fleire store pågåande planprosessar. Det er difor litt lengre sakshandsamingstid enn normalt. Situasjonen medfører og at det kan ta lengre tid før du får rettleiing og avklaring i enkeltsaker.

Vi garanterer at alle byggjesøknadar og forespørslar som er sendt til oss blir behandla og besvart, men det vil dessverre ta litt lengre tid enn du hadde tenkt deg. Vi beklager situasjonen og gjer det vi kan for at du skal få svar på saka di så raskt som mogleg.

Lurer du på status på byggjesaka di, til dømes om kven som er sakshandsamar eller om det er gjort vedtak?  Sjekk kommunen si innsynsløsning. Du kan søke på gards og bruksnummer nedst i søkjefeltet. 

Telefontid byggjesak er tysdag og torsdag kl 12.00-15.00. Ring 57 87 47 00.

 

Slik kontaktar du oss i ei pågåande sak

I pågåande saker anbefaler vi at du vender deg til saksbehandlaren din per e-post. Hugs alltid å skrive gards- og bruksnummer, og ev. saksnummer om du veit det.

Send forespørselen din på e-post til ein av desse saksbehandlarane: roar.berge@stryn.kommune.no  Borghild.Guddal@stryn.kommune.no eller Marte.Lindberg@stryn.kommune.no

Saksbehandlar har begrensa telefontid, og kan berre nåast tysdag kl 12.00 - 15.00 og torsdag kl 12.00 - 15.00.


Behandlingstid for byggjesak

Som hovudregel er behandlingsfristen vår 3 veker for byggjetiltak som er i tråd med regelverket, og 12 veker for meir omfattande saker.

Når startar saksbehandlingstida?

Vi reknar saksbehandlingstida frå vi mottek ein fullstendig søknad, det vil seie med all nødvendig dokumentasjon.

I samsvar med forvaltningsloven § 11 a skal kommunen gje eit foreløpig svar dersom det vil ta lang tid før vi kan svare. Foreløpig svar kan unnlatast dersom ein kan sjå på det som openbert unødvendig.

Tidsfristar for saksbehandling


2 veker

3 veker

  • Søknaden er fullstendig (inneheld all naudsynt informasjon)
  • Tiltaket er i samsvar med føresegner gitt i eller med heimel i lov
  • Det ligg ikkje føre merknadar frå naboar eller gjenbuarar
  • Det er ikkje naudsynt med løyve, samtykke eller uttale frå anna myndigheit.
  • Kommunen har ikkje forlenga sakshandsamingsfristen etter SAK § 7-3
     

12 veker

  • omfattande byggjetiltak, med og utan dispensasjon frå reguleringsplan
  • dispensasjon frå plan
  • rammetillatelse
Bemanning

Vi gleder oss over stor aktivitet og har veldig fokus på sakene.

Saksbehandlarane gjer alt dei kan for å overhalde saksbehandlingsfristane og redusere saksbehandlingstida. Alle byggjesaker som kjem til oss blir registrert inn som saker i saksbehandlingssystemet vårt før det blir tildelt ein saksbehandlar og hamnar i sakskøen.

Vi garanterer at alle byggjesøknadar og spørsmål som er sendt til oss vil bli behandla/besvart, men det vil nok ta litt lengre tid enn du hadde tenkt deg. Det er vanskeleg å anslå når ei sak vil vere ferdigbehandla, vi prøver å handsame sakene i den rekkjefølgja dei kjem inn.

Fram til vi har full saksbehandlingskapasitet vil saksbehandlarane prioritere saksbehandling framfor forespørslar på telefon. Det blir litt verre å få tak i oss per telefon ein periode framover, og vi oppfordrar deg til å sende ein e-post, ikkje ringje.

Vi beklager at det kan bli litt ventetid. Vi jobbar heile tida med fokus på å effektivisere og sikre at sakene blir behandla raskast muleg.

Kan du finne svar på eigenhand?

I dei generelle spørsmåla vi får, er svaret ofte lett tilgjengeleg på nett. Det er tid spart for deg og tid spart for oss.

Du kan finne mange svar på nettsidene våre
Her kan du finne fram informasjon sjølv eller spørje chat-roboten vår Kommune-Kari som ligg nede til høgre på nettsida.

Om du følgjer linken under kjem du til sjekkliste med krav til dokumentasjon, utifrå kva du skal søkje om. Klikk på søknadstype for å sjå aktuelle sjekkpunkt:
Her finn du sjekkliste med krav til dokumentasjon

Du kan også følgje saker på postlistene våre

Direktoratet for byggkvalitet si nettside finn du mange typer digitale vegvisarar Desse kan fortelje deg kva du kan byggje utan å søkje, ofte stilte spørsmål og svar, og aktuelle forskrifter og regelverk med forklaring til dei enkelte bestemmelsane. Gå til DIBK.no