Smittestatus 16. januar

Sidan fredag kveld er det 48 personar i kommunen som har testa positivt for korona.

  • Dei fleste av disse har kjend smitteveg.
  • Mange av smittetilfella er knytt til Olden eller har husstandsmedlemmer knytt til Olden barne- eller ungdomsskule.
  • Vi har smitte i heile kommunen, og vi ventar aukande smittetal dei neste dagane.
  • Skular, der det blir påvist smitte, vil informere i Vigilo til dei klassane der det blir anbefalt å gjennomføre testing.  Testing er frivilleg. 
  • Kommunen følgjer dei nasjonale retningslinene. Du kan lese meir om isolasjon, karantene og nærkontakter her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/
  • Kommunen prioriterer PCR-test på dei som har testa positivt på ein heimetest – dersom du testar du positivt, registrer deg her: https://hjemmetest.remin.no/stryn

Les også:

Informasjon om du testar positiv på heimetest 

Vurdering av kommuneoverlegen
Kommunen og helsemyndigheitene forventar at smitten vil auke kraftig i vekene framover, også i Stryn. Når mange blir smitta samtidig vil fleire vere borte frå jobb. Mykje tyder derimot på at det er rett tidspunkt å tole vesentleg meir smitte i samfunnet, då viruset gir ein klart mildare sjukdom enn tidlegare variantar. 
Spesielt er det viktig å gi barn og unge ein meir normal kvardag. Gjennomgått infeksjon hos vaksinerte og barn gir truleg betre robustheit i framtidige møter med viruset.

Eg anbefaler alle som ikkje har vaksinert seg, eller dei som manglar oppfriskingsdose, å ta vaksine. Dette gjeld spesielt for dei over 45 år, eller dei som har auka risiko for sjukdom ved smitte.  Vaksinasjonsteamet er klar for å ta i mot deg på best mogleg måte, og har du behov for å ta kontakt på forhånd, kontakt dei. Send epost til vaksine@stryn.kommune.no

Vi har ikkje full oversikt kva konsekvensar ei stor smittebølgje vil ha for kommunen, næringslivet og samfunnet. Det er viktig å oppretthalde forsvarleg drift, spesielt i helsetenesta og andre samfunnskritiske funksjonar.  Vi vil framleis følgje utviklinga i smittesituasjonen, råd og pålegg frå regjeringa, helsedirektoratet og FHI og justere tiltaka i tråd med utviklinga de neste vekene. Vi har sist hatt dialog om situasjonen med FHI søndag 16.01 kl. 21.

Oppdatert risikovurdering om omikron-varianten
Folkehelseinstituttet (FHI) har 12.01 oppdatert risikovurdering og modelleringsrapport om omikron-varianten.
«Vaksinasjon gir de vaksinerte en robusthet i møtet med viruset slik at de i liten grad blir alvorlig syke, men vaksinasjon beskytter mindre godt og kortvarig mot infeksjon og videre smitte. Gjennomgått infeksjon hos vaksinerte gir bedre robusthet i framtidige møter med viruset.
For barn er smitte med omikronvarianten en svært lite alvorlig sykdom.»