Smittestatus 27. januar kl 16:00

Sidan tysdag ettermiddag har vi hatt 103 nye personar med postiv test på koronavirus. 30 av disse er 18 år eller yngre. 

Forsinka leveranse av hurtigtestar 

Fleire kommunar har fått fære testar enn ein hadde rekna med. Årsaka er at leveransen av testane er forsinka. Dette gjeld også for Stryn kommune.
Vi reknar med at leveransane blir meir stabile dei neste vekene. Fram til vi har stabil leveranse av testar, må vi prioritere utlevering av testar ut frå myndigheitene sine anbefalingar.

Prioriteringsrekkefølge for tester:
1.    personar med symptom

2.    test ved kjend eksponering
a.    test i staden for karantene av husstandsmedlemmer/tilsvarende nære
b.    øvrige nærkontakter

3.    anna screening etter smittevernfagleg vurdering
a.    Test av personar som utfører kritiske samfunnsfunksjonar (som inkluderer helsepersonell)
b.   jamnleg testing
 

Fakta og råd om koronatesting

 

Positiv hurtigtest