Status måndag 06.12.21

Ein tilsett ved Loen skule har testa positivt på hurtigtest i kveld, måndag 06.12.21. Den tilsette har følgt anbefaling med å teste seg etter kontakt med kjent smitte. Den tilsette var sist på arbeid måndag 06.12.21.

Generelt
Nå som dei aller fleste i den voksne befolkninga er vaksinert, og ein aukande andel ungdom får vaksine er det ikkje lenger nødvendig med strenge tiltak i samfunnet, og koronavirusinfeksjon kan i aukande grad handterast som andre luftvegsinfeksjonar.

Det gjer at nærkontakter ikke lengre er pålagt eller anbefalt karantene.

Aktuelt
Det er ein risiko for at den tilsette kan ha vore smittsom måndag 06.12.21. Alle barn i 1.- 4. klasse og aktuelle vaksne blir difor vurdert  som «øvrige nærkontakter». Les meir om nærkontakter og isolering her.

Videre plan:

  • Kvarrt barn og vaksne i dei aktuelle klassane får med seg ein pakke med totalt 5 hurtigtestar. Tester blir utdelt på skulen tysdag.
  • Alle barn og vaksne blir bedne om å ta ein hurtigtest onsdag 08.12.21, fredag 10.12.21 og ein ny før skulestart måndag 13.12.21  Foreldre tek test på borna heime.
  • Ver ekstra oppmerksom på nyoppståtte symptom på sjukdom dei neste 10 dagene, og ha lav terskel for å teste barnet ved symptom.  
  • Born og vaksne som har symptom på sjukdom bør halde seg heime til dei er friske og har fått negativt svar på test.
  • Ved positiv test kontaktar foreldre rektor og melder frå om smitten. Rektor kontaktar vidare kommuneoverlege. Sjå generell informasjon frå Stryn kommune her.