Status smitte 14. januar kl 17:30

Kommunen har siste døgnet 21 personar som har testa positivt for koronavirus i kommunen.

•    Omtrent halvparten av disse har kjent smitteveg. Hurtigheita på smittespreiinga forsterkar mistanke om omikronvariant, og de fleste har milde symptom. 

•    En av de smitta er bebuar ved Vikane Omsorgssenter. Her er det satt inn ekstra smitteverntiltak og nærkontaktar testast jamleg etter individuell vurdering. 

•    Tre av de smitta er elever ved Olden Ungdomskule. Skolen vil informere nærmare om anbefaling om testing til de aktuelle klasser. 

Informasjon om du testar positiv på heimetest 

Vurdering av kommuneoverlegen
Kommunen og helsemyndigheitene forventar at smitten vil auke kraftig i vekene framover, også i Stryn. Når mange blir smitta samtidig vil fleire være borte frå jobb. Mye tyder derimot på at det er rett tidspunkt å tole vesentleg meir smitte i samfunnet, da viruset gir ein klart mildare sjukdom enn tidlegare variantar. 
Spesielt er det viktig å gi barn og unge en meir normal kvardag. Gjennomgått infeksjon hos vaksinerte og barn gir truleg betre robustheit i framtidige møter med viruset. Eg anbefaler alle som ikkje har vaksinert seg, eller dei som manglar oppfriskingsdose, å ta vaksine. Dette gjeld spesielt for dei over 45 år, eller dei som har auka risiko for sjukdom ved smitte. 
Vaksinasjonsteamet er klar for å ta i mot deg på best mogleg måte, og har du behov for å ta kontakt på forhånd, kontakt dei. Send epost til vaksine@stryn.kommune.no 
Vi har ikkje full oversikt kva konsekvensar ei stor smittebølgje vil ha for kommunen, næringslivet og samfunnet. Det er viktig å oppretthalde forsvarleg drift, da spesielt i helsetenesta og andre samfunnskritiske funksjonar.  Vi vil framleis følgje utviklinga i smittesituasjonen, råd og pålegg frå regjeringa, helsedirektoratet og FHI og justere tiltaka i tråd med utviklinga de neste vekene. 

Oppdatert risikovurdering om omikron-varianten
Folkehelseinstituttet (FHI) har 12.01 oppdatert risikovurdering og modelleringsrapport om omikron-varianten.
«Vaksinasjon gir de vaksinerte en robusthet i møtet med viruset slik at de i liten grad blir alvorlig syke, men vaksinasjon beskytter mindre godt og kortvarig mot infeksjon og videre smitte. Gjennomgått infeksjon hos vaksinerte gir bedre robusthet i framtidige møter med viruset.
For barn er smitte med omikronvarianten en svært lite alvorlig sykdom.»

Kommuneoverlegen 14.01 kl. 17.30.