Måndag kveld fekk vi beskjed om at ein tilsett i Miljø og Velferd har testa positivt på covid-19.
Det er kjend smitteveg. Personen er satt i isolasjon og husstandsmedlemmer og nærkontakter er varsla.
Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene.
Informasjon om koronatesting i Stryn
Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.
Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.
Sist endra 22.12.2021 10.19