Status tysdag 07.12.21

Ein elev ved Stryn vidaregåande skule har testa positivt på hurtigtest i dag, tysdag 07.12.21. Eleven har følgt anbefaling med å teste seg ved symptom på sjukdom. Smittevegen er uavklart. Personen var sist på skulen måndag 06.12.21.

Aktuelt

Det er en risiko for at personen kan ha vore smittsam måndag 06.12.21. Alle elever og vaksne i den aktuelle klassen blir derfor vurdert som «øvrige nærkontakter». Den aktuelle klassen vil bli informert av skulen tysdag kveld. Les meir om nærkontakter og isolering her.

Vidare plan:

  • Elevar og lærarar i den aktuelle klassen får ein pakke med totalt 5 hurtigtestar.
  • Aktuelle elevar og lærarar blir bedne om å ta ein hurtigtest onsdag 08.12.21, fredag 10.12.21 og ein ny før skulestart måndag 13.12.21  Testen skal takast heime før ein går på skulen.   
  • Aktuelle elevar og lærarar må vere ekstra merksame på nyoppståtte symptom på sjukdom dei neste 10 dagane og ha lav terskel for å teste seg ved symptom.  

Til alle elevar på Stryn vidaregåande skule:

  • Vi ber alle elevar og tilsette på Stryn vidaregåande skule om å vere ekstra merksame på nyoppståtte symptom. Ved symptom på sjukdom bør ein halde seg heime til ein er i god form og har fått negativt svar på koronatest.
  • Ved positiv test ber vi elevar og tilsette ringe kontaktlærar. Kontaktlærar/rektor kontaktar vidare kommuneoverlege.
    Sjå generell informasjon frå Stryn kommune her.