To personar har testa positivt for koronavirus på sjølvtest onsdag. Begge har ukjend smitteveg.

Ein av dei smitta er elev ved Stryn vidaregåande skule. Eleven har følgt anbefaling om å teste seg.

Personen var sist på skulen onsdag 08.12.21. Elevar og tilsette som eleven var med før testen, har testa seg onsdag ettermiddag, og skal ta ny hurtigtest før skule fredag og måndag. Les meir om nærkontakter og isolering her.

Til alle elevar på Stryn vidaregåande skule:

  • Vi ber alle elevar og tilsette på Stryn vidaregåande skule om å vere ekstra merksame på nyoppståtte symptom. Ved symptom på sjukdom bør ein halde seg heime til ein er i god form og har fått negativt svar på koronatest.
  • Ved positiv test ber vi elevar og tilsette ringe kontaktlærar. Kontaktlærar/rektor kontaktar vidare kommuneoverlege.
    Sjå generell informasjon frå Stryn kommune her.

 

Strategi

Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan begrensingene på samfunnet vere minst mogleg, uten at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.

Regjeringa sine nye nasjonale smitteverntiltak