Stryn kommune

Høyring: Kommunedelplan for helse og sosial 2026-2030

Den 24. februar vedtok formannskapet å legge Kommunedelplan for helse og sosial ut på høyring. Høyringsfrist 19. april 2026,

Kommunedelplanen for helse og sosial skal gi retning og prioriteringar for korleis Stryn kommune skal møte framtidige behov for helse- og omsorgstenester. 
Planen byggjer på eit kunnskapsgrunnlag som viser at kommunen står overfor store demografiske endringar, med fleire eldre og samansette behov i befolkninga. Demografiendring, aldersbæreevne og korleis dette kan påvirke tenestilbodet er sentralt for å forstå kvifor vi må omstille oss no.

Dette kunnskapsgrunnlaget skal vere eit bidrag inn til å fastsetje ein kommunedelplan for helse- og sosial i Stryn kommune. Kunnskapsgrunnlaget skal gi god nok informasjon om dagens status i tenestene, seie noko om utfordringsbilete og gi informasjon om framtidige endringar i demografi som vi må ta høgde for. Kunnskapsgrunnlaget er nøytral i forma og skal gje informasjon og faktagrunnlag til vidare utforming av sjølve kommunedelplanen. Målet er at dette kunnskapsgrunnlaget er så godt, at sjølve kommunedelplanen kan vere konkret og ha eit fokus på tiltak og tidsplanar. Kommunedelplanen vil være sluttresultatet og den planen må være forankra opp mot den overordna kommuneplanen sin samfunnsdel. Hovudmåla i kommunedelplanen sin samfunnsdel for 2024 – 2025 er:

  • Stryn - på lag med naturen
  • Strynb - ein god stad å bu for alle heile livet
  • Stryn - eit innovativt, allsidig og grønt næringsliv

 

Kommunedelplan helse og sosial 2026-2030 (PDF, 3 MB)

Kunnskapsgrunnlag helse og sosial 2026-2030 (PDF, 2 MB)

 

Frist for innspel til planen 19. april 2026.

 

Send innspel  på epost til: postmottak@stryn.kommune.no

eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.

FAGRE STRYN 2.0

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2035 er vedteken.

Vil du vere med å påverke?

Følg med på kva som skjer i kommunen og lokaldemokratiet. Sei meininga di om planar, følg med på prosjekt og saker som er viktige for deg.

Siste nytt

  • Gravferda til Hans Majestet kong Harald V
    Gravferda til Hans Majestet kong Harald V finn stad onsdag 9. september i Oslo domkyrkje. Regjeringa har fastsett nasjonal sørgjeperiode (landesorg) frå dødsdagen og fram til gravferdsdagen. Den nasjonale sørgjeperioden er ei tid for sorg og...
  • Presisering av opningstider 9.sept
    Stryn kommune har tilnærma normal drift på HM Kong Harald sin gravferdsdag 9. september.
  • Kondolanseprotokollar
    I høve Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang er det lagt fram kondolanseprotokollar for dei som ønskjer å uttrykkje si medkjensle og skrive ei siste helsing.