Er du eller nokon av dine nærmaste ramma av sviktande hukommelse eller demenssjukdom? Ved demens er det viktigaste kjenneteiknet nedsett hukommelse som fører til svikt i evna til å utføre daglegdagse aktivitetar. Ein demenssjukdom omfattar allereie frå starten langt fleire enn den som blir sjuk. Det er som oftast pårørande som observerar dei første adferdsendringane og får mistanke om sjukdom.
Hukommelsesteamet er ein del av Stryn kommune sitt tilbod til heimebuande personar som begynner å få kognitive utfordringar. Hukommelsesteamet skal sikre at personar med demens og deira pårørande får god utredning, oppfølging og eit godt tilpassa tenestetilbod.
Kva kan teamet hjelpe med?
- Bistå fastlege med kartlegging av personar med hukommelsessvikt eller demens
- Kartlegge symptom og utfordringar knytt til hukommelsesvanskar
- Gi informasjon om demens
- Informere om hjelpetilbod og hjelpemiddel
- Gi råd og veiledning om kvardagsmestring / korleis kvardagen kan tilretteleggast
- Arrangere pårørandeskule og samtalegrupper
Teamet kan kome på heimebesøk i forbindelse med utredning, kartlegging og veiledning.
Det er viktig å få gjort ei utredning så tidlig som mulig, for å iverksette riktige hjelpetiltak og behandling, og fatte vedtak og bidra til god oppfølging av den demensramma og pårørande.
1. Hukommelsestap:
- ein dement person vil gløyme raskt og ofte, og dei vil ikkje klare å hugse informasjonen seinare.
2. Problem med å utføre kjente oppgåver:
- daglegdagse oppgåver kan bli vanskelege - korleis brukar ein komfyren? korleis kokar ein kaffi?
3. Språkproblem:
- det blir vanskeleg å hugse enkelte ord, det kan vere vanskeleg å forstå både skrift og tale.
4. Desorientering i høve tid og stad:
- personar med demens kan gå seg vekk i eige nabolag utan å vite korleis dei kom dit, eller korleis dei skal finne vegen tilbake.
5. Svekka dømmekraft:
- problem med å kle seg etter forholda (går ut i badekåpe, tjukk genser på varm dag), kjøper ting ukritisk.
6. Problem med abstrakt tenking:
- viser seg ofte ved at den demente får problem med å handtere økonomien. Forstår ikkje skilt og bokstavar.
7. Feilplassering av gjenstandar:
- den demente kan plassere sko i kjøleskap, mat i skapet.
8. forandring i humør og adferd:
- kan ha raske svingingar i humør og adferd, utan openbar årsak.
9. Adferdsendringar:
- forvirring, frykt eller avhengigheit kan bli framredande personlegheitstrekk etter kvart som demensen utviklar seg.
10. Tap av initiativ:
- passivitet, apati og tiltaksløyse kan vere ein del av sjukdomsbiletet.
Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod, noko som betyr at det ikkje er nødvendig med henvisning frå fastlege eller anna helsepersonell for å ta kontakt. Alle som har ei bekymring knytt til demens, enten for eigen del, som pårørande eller som hjelpepersonell, kan ta kontakt med oss.
Teamet består av ergoterapeuter, psykiatrisk sjukepleier og sjukepleier.
Teamet samarbeider med fastlege, heimetenesta og anna helsepersonell i kommunen.
• Leiar Anita Skarstein, ergoterapeut: 94 82 59 79
• Cecilie Myklebust, aktivitetsleiar Stryn Omsorgssenter/ergoterapeut: 907 80 768
• Mariann Hilde Yri, leiar Rebakken / sjukepleier: 480 50 916
• Linda Hopland Bergset, psykiatrisk sjukepleier: 992 88 601
• Grethe G. Hilde, sjukepleiar legekontoret: 57 87 69 80
• Framleis i arbeid? Heftet Fortsatt i arbeid – med demens har som mål å gi enkel rettleiing til arbeidsgjevarar som opplever at ein arbeidstaker utviklar demens.
• Aldring og helse har eiga temaside om demens, der ein blant anna kan finne informasjon om demens, utredning, behandling og oppfølging og det å leve med demens.
• Sjukdom hos eit familiemedlem kan påvirke heile familien sin økonomi. Aldring og helse har ein oversikt over aktuelle støtteordningar for pasient og pårørande.
• Demenslinjen - Tlf: 23 12 00 40
Nasjonalforeningen for folkehelsen har oppretta ei demenslinje som er eit tilbod som er opent for alle med spørsmål om demens. Her får du viktig informasjon om behandling og omsorg for demente og deira pårørande.
• På helsenorge.no får du råd om korleis du som pårørande kan snakke om demens med den det gjeld. Du finner også informasjon og råd om symptom, førebygging og hjelpetilbod til pårørande og personar med demens. Du får også vete meir om rettigheiter og samtykkekompetanse.
• Snakk med andre pårørande om demens: Nasjonalforeningen for folkehelse har ei eiga teneste for pårørande som vil snakke med andre pårørande (likeperson) i same situasjon.
• App: "Kunnskap om demens". Dette er ein gratis app som er laga av Aldring og helse. Den inneheld kunnskap, tips og gode råd for fagpersonar og pårørande. Appen kan hentast frå App Store eller Google Play.
• Veivisern skal gjere det enklare for helse- og omsorgstenestene å gje gode tenester til personar med demens og deira pårørande
• Barn og unge opplever ei spesielt stor belastning når mor eller far får demens.
Nyttige lenker med informasjon: Tid til å vere ung
Ung pårørande
Podcast: Tid til å vere ung
• hvakanhjelpe.no er ei nettside der ein får tips og forslag på hjelpemiddel, velferdsteknologi og fysisk tilrettelegging som kan gjere det enklare å klare seg sjølv i kvardagen.
• Ønskjer du digitalt kurs om demens? Pårørendestøtte – demens er utvikla for å gje informasjon, råd og støtte.
- Informasjon og verktøy med samisk språk og kulturperspektiv
- Informasjon om demens på fleire språk
- Fact sheets abour dementia in arabic, shiqip, bosanski/hrvatski/srpski, english, soumeksi, francais, chinese, persian, russian, espanol, svenska, deutsch, türk (Svenskt Demenscentrum)
- Comprehensive list of translated information about dementia in a large number of languages (Alzheimer’s Disease International)
Sist endra 09.01.2024 09.43