Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet og skal vere førande for utviklinga i kommunen. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen blir utarbeidd i tråd med plan- og bygningslova kapittel 11.
Kommuneplanen sin arealdel skal vise samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Den skal syne hovudtrekka i korleis areala skal nyttast, rammer og vilkår for nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt kva for viktige omsyn ein må ta ved bruk av arealene.
For Stryn kommune omfattar arealdelen eit hovudkart med fleire delplanar som viser arealbruken med større detaljering. Plankarta med føresegn er juridisk bindande. Dei nyare planane har i tillegg ein planomtale.
Gjeldande arealdel består av følgjande planar:
- Hovudkartet 2006 (PDF, 9 MB)
- Blakset 2006 (PDF, 4 MB)
- Bøasetra-Ullsheim 2013 (PDF, 13 MB)
- Fjelli_Vangen 2006 (PDF, 5 MB)
-
- Hopland_Randabygda 2006 (PDF, 4 MB)
- Innvik 2006 (PDF, 4 MB)
- Kystsonen 2009 (PDF, 2 MB)
- Langeset-Stryn-Storesunde 2017 (PDF, 16 MB)
- Loen 2006 (PDF, 3 MB)
- Loen sentrum 2012 (PDF, 2 MB)
- Oldedalen 2006 (PDF, 6 MB)
- Olden 2015 (PDF, 11 MB)
- Utvik 2006 (PDF, 3 MB)
Planane ligg i tillegg på kommunen sin kartløysing, ved å slå på kartlaget plankart.
Sist endra 20.04.2022 13.11