Veglys og drift av desseLytt til tekstenStopp avspillingDet har vore ulike ordningar med driftinga av kommunale veglys opp gjennom tidene. Dei seinare åra har ein også skifta ut gamle lyspærer som ikkje er lovlege å bruke lenger, til LED-lyspærer med mindre straumforbruk og lenger levetid. Samtidig har ein også knytta saman ein del veglyskretsar til større og meir samanhengande strekningar.App for gatelys Dokflyt AS Meld feil på gatelys her Stryn kommune har rammeavtale med Eviny Solutions om drift av det kommunale veglysnettet.I dag er dei fleste veglysstrekningane knytte opp mot styringsskåp, der ein via nettet kan gjere endringar og avlesing av straumforbruket. Desse veglyskretsane har lyset avslått om natta frå kl. 24.00 til kl. 06.00 på kvardagar og kl. 03.00-06.00 natt til laurdag og søndag.Der veglyskretsane ikkje har eigen målar, vert lyset sett på av fotocelle når det vert mørkt og slege av når det vert lyst.Vegen Rognehaugen i Stryn sentrum har veglyset på heile natta, då dette ligg i område ved Stryn vidaregåande skule, taxisentralen, politistasjonen, kulturhuset og omsorgssenteret.Statens vegvesen eig og driftar veglyset langs riksveg 15, og der fylkesvegar har adskilt gang- og sykkelveg.Kva gjer eg dersom det er feil på gatelys?Stryn kommune ønskjer tilbakemelding frå publikum dersom veglyspunkt ikkje fungerer som dei skal. Det er oppretta ein eigen feilmeldingsportal der ein enkelt kan velje lyspunkt og melde feilen inn til oss. Av kostnadsmessige omsyn vert reparasjonsarbeid samla, so nokre punkt kan stå mørke ei tid. Kritiske punkt (t.d. ved fotgjengarovergangar) vert prioritert og reparert så snart det let seg gjere.I portalen er kommunale lys som kan meldast feil på merka med gul farge. Grå punkt er ikkje drifta av kommunen og kan ikkje meldast feil på i portalen. Raude punkt har allereie registrert feil.For å melde inn feil på veglys kan du klikke på boksen i toppen av denne artikkelen.Det er og mogleg å melde inn feil via telefon. Ring då vårt hovudnummer, 57 87 47 00. Sist endra 08.01.2024 09.22
Meld deg på pårørandeskulen Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 29.oktober på Stryn Omsorgssenter. P...
Ope møte om Singerheimen 15.oktober Det er stort engasjement rundt Singerheimen i Olden og framtida til eigedomen. No inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til ope møte.
Skal du søkje tilskot til bratt slåttemark m. m.? Regionalt miljøprogram, med høve til m.a. å søkje om tilskot til bratt areal, har søknadsfrist 15. oktober. Det er mange endringar i denne ordninga i ...
Detaljregulering masseuttak Moldreim, del 2 - kunngjering om eigengodkjenning Stryn kommunestyre har godkjent ovanfornemnde reguleringsplan.
Kva trur du dei grev fram etter oss om 200 år? Kulturminnedagene vert markert på Stryn bibliotek 7.-15. september 2019 med tema «fremtidens kulturarv».
Opningstider i røystelokala i Stryn kommune på valdagen 9. september 2019 Loen skule og barnehage 15.00-19.00 Nordsida skule og barnehage 15.00-19.00 Olden skule 15.00-19.00 Oppstryn skule og barnehage 15.00-19.00 Rand skule ...
Førehandsrøysting til fredag 6. september kl 15.00 Måndag 12. august og til og med 6. september 2019 er den ordinære førehandsrøysteperioden. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet ...
Skal du førehandsrøyste? I Stryn kan du førehandsrøyste på kommunesenteret, Tonningsgata 4, til fredag 6. september kl. 15.00.Ta med valkort og legitimasjon.
Skogbruk Stryn kommune har eit skogareal på 241 000 dekar, om lag 133 000 dekar av dette er produktiv drivverdig skog. Dette gjer Stryn til ein av dei største ...